Audition til ungdomsmusikalen er ei kraftprøve for alle dei involverte. Men så fossar det også slik ein energi under prøvene at ein kunne levert kraft til alle norddalskommunene.
110 påmeldte skulle i elden på kulturhuset med prøver i dans, drama og stemmeplassering laurdag førre veke. Vi fekk inn i salen for å sjå korleis det går for seg, og fekk ei energibombe i fjeset. Alt lovar bra for ungdomsmusikalen Grease til våren.