Status seks år etter etableringa på Dombås er det 16 tilsette, og verksemda har millionunderskot i fem av dei seks åra. Kvalsvik Produksjon er også skuldig Dovre kommune nærare to millionar kroner i husleige.

Vona om 30-40 arbeidsplassar og folketalsauke til Dovre er ikkje oppfylt.

I nedgang

Draumen om utvikling og arbeidsplassar på Dombås starta i 2005, fortel dåverande ordførar Erland Løkken (Sp). Då tok han kontakt med kjøkkenfabrikanten i Hareid, som strevde med plassmangel. Løkken lufta tanken om å flytte til Dovre. For ei utkantkommune i folketalsnedgang, ville etableringa vera gull verdt.

- Det vart mange turar att og fram til Hareid, fortel Løkken.

Både han og fleire i kommunen sin administrasjon deltok i direkte sonderingar med Kvalsvik.

Løkken hevdar at formannskapet vart orientert fortløpande, men at dette vart gjort strengt konfidensielt. Det er heller ikkje spor av orienteringssaker om industrietableringa i saklistene til folkevalde organ, før året etter.

- Ein må halde korta tett til brystet, seier Løkken.

Den fyrste gongen formannskapet var orientert formelt, var i august i 2006, i følge kommunale møtereferat. Det var då sett opp orienteringssak på saklista, med tittelen Mulig bedriftsetablering i Dovre.

- Finanskrisa har skulda

Årsaken til at etableringa ikkje fekk den effekten ein hadde von om; eit auka rammetilskot på ein halv million til kommunen kvart år, meiner Løkken skuldast finanskrisa.

- Nei, det vart ikkje førti arbeidsplassar. Grunnen til det var vel at etableringa ikkje kunne ha skjedd på eit låkare tidspunkt, seier han, og tenkjer på finanskrisa som råka, og resulterte i ein marknad som gjekk ut i null.

Løkken gjekk av som ordførar etter valet i 2007, då var vedtak om bygging gjort, og som han seier, alt klappa og klart til flytting og bygging.

Likevel angrar Løkken ikkje på at han tok initiativet til ei slik bedriftsetablering.

- Det var ganske historisk å få til ei flytting av verksemd frå kysten til innlandet, seier Løkken, som framleis meiner det er håp for positiv effekt i Dovre, om bedrifta kan halde hovudet over vatnet.

22 millionar vart 46

Dei folkevalde hadde bygging av industrihall på Dombås som sak i oktober 2006, rett før nytt kommunestyre vart konstituert.

I innstillinga tilrår rådmannen at Dovre kommune investerer 22 millionar kroner i Kvalsvik Produksjon AS. Dette førte til behov for ei revidert økonomiplan for perioda, og tilleggsløyvingar.

I saksutgreiinga går det fram at verksemda som vil etablera seg på Dovre har 38 årsverk, og ein budsjettert omsetnad på 45 millionar kroner det året.

Om ein ser på rekneskapen frå selskapet, går det fram frå årsmeldinga til aksjeselskapet at talet på tilsette er sju, og dei hadde eit resultat på pene 2,5 millionar kroner. Omsetnaden var på vel 43 millionar kroner.

I utgreiinga går det fram at administrasjonen forventa 30-35 arbeidsplassar, og med det eit auka rammetilskot til kommunen på 500 000 kroner.

Sidan den gong, har dei økonomiske rammene og føresetnadene endra seg. Frå 22 millionar og 3175 kvadratmeter, til 46 millionar kroner og 3932 kvadratmeter. Kun to framlegg har vore fremja politisk for å bremse eller stoppe prosessen, og det skjedde etter at bygging var i gang.

Fram til i dag, har saker som omhandlar Kvalsviketableringa vore oppe til handsaming eller orientering i Dovre formannskap meir enn tjue gonger.

Orienterte om krise

Seks år etter opninga i 2008, i november, møter dagleg leiar Geir Magne Kvalsvik for å orientere dei folkevalde i Dovre om situasjonen. Dei folkevalde har bede administrasjonen om redegjerdsle for manglande husleige; ved fleire høve har storleiken på restansa vore etterspurd i ulike politiske organ.

Møtet vart halde for lukka dører, etter heimel om teieplikt.

Etter det Vigga kjenner til, skal det ikkje ha kome fram direkte forretningshemmelegheiter som skulle tilseie lukking av møtet.

At Kvalsvik var skuldig kommunen 1,8 millionar kroner i husleige, var eitt av punkta ein fekk svar på. Det kom også fram at bedrifta førre året måtte dekkje eit stort underskot, og at ein måtte i forhandlingar med banken verksemda har hatt sidan starten i 1953. I følge rekneskapen frå 2013, var den langsiktige og kortsiktige gjelda til selskapet langt større enn dei tre millionane ein sa til kommunestyret i november. Den langsiktige gjelda var då på nærare ni millionar kroner, medan den kortsiktige gjelda hadde auka med nesten fire millionar kroner frå førre året, til vel ti millionar kroner. Totalt altså ei samla gjeld på over 19 millionar kroner. Det går også fram av årsberetninga at styrets handleplikt etter aksjeloven har gjort seg gjeldande, og at selskapet har hatt fleire møte med finansinstitusjonar for å få til ei refinansiering til dekning av udekka tap.

Killi som rådgjevar

Martin Killi frå Dovre har vore innleigd til hjelp for leiinga i forhandlingar og prosess, og seier til Vigga at han var med til forhandlingar med banken. Han var også med på orienteringa i kommunestyret 10. november. Han seier kort at han ofte blir leigd inn for å hjelpe bedrifter over kneika.

- Eg har ikkje noko ønskje om å uttale meg noko særleg, sidan eg er innleigd som rådgjevar, men eg vonar du greier å få tak i Geir, seier han, når Vigga freistar å nå dageg leiar Geir Kvalsvik.

Killi kan stadfeste at det er snakk om å reforhandle nedbetalinga av husleigerestansa etter nyttår.

- Då har ein bak seg eit heilt rekneskapsår, og ser inn i det nye, det vil gje betre grunnlag, seier han.

Etter møtet 10. november var Killi klar på at det no var gode teikn til opptur, og at omsetnaden og produksjonen auka.

Tysdag denne veka var Vigga innom produksjonlokala for å få tak i Geir Kvalsvik, etter at vi ikkje fekk tak i han på telefon.Tilsette kunne fortelje at han ikkje var til stades, noko som ikkje skulle vera uvanleg. Produksjonen gjekk då for fullt.

Det lykkast ikkje å få svar frå Kvalsvik før etter avisa hadde gått til trykking onsdag. Svaret vi fekk på epost kom onsdag kveld, og er ikkje med i papirutgåva.

Geir Kvalsvik meiner informasjonen Vigga sit med ikkje er fullstendig, og meiner ikkje dei tre millionane i gjeld var på hans agenda under informasjonen til kommunestyret.

- Vi har tre millionar i bankgjeld, og den totale gjelda er som ein kan lese seg til i rekneskapet, totalt millionar i rekneskapen for 2013, stadfester han.

Han seier også at selskapet har teke grep både på salssida og kostnadssida for å tilpasse seg til marknaden.

- Dette blir gjort for å tilpasse oss 2015 og ikkje minst korrigera sluttmånadane i 2014. Det meiner vi skal gje dei rette utslaga for fyrste halvår 2015, seier han.