- Den er veldig kosete og kjælen, og vil gjerne inn, seier ho, og seier at den sit på putekassa deira på verandaen, spent heile tida.

Ho og mannen meiner det må vera ein huskatt, men den er litt forpjuska, så kanskje den har vore ute ei stund. Dessutan har den eitt blindt auga, slik det ser ut. Dei er ikkje sikre på om det er hoe eller hannkatt, men storleiken er som på ei "pisi".

- Vi trur ikkje den er så gamal, kanskje borti eit år, seier Vesla, som vonar nokon kjenner att den vesle pusen, og vil hente ho.

Storrusten har fleire villkattar på foring  ute i hagen, og som dei i samråd med veterinærar og mattilsyn no er i ferd med å få avliva. Denne katten er ikkje ein av desse, men har kome til nyleg.