Mangelfull oppfølging av standarder og normar gjennom prosjektering og utforming, gjev årlege kostnader på omkring 7-11 prosent av årleg nettoproduksjon i bakenæringa, heiter det i meldinga.
- Det er vanskeleg å tenkje seg bakeverksemd heilt utan feil og skader, men det er fullt mogleg å redusere omfanget av byggskader på peparkakehus. Dette krev ein målretta og aktiv førebyggande innsats innan fleire område og av alle aktørar i bakenæringa, seier seniorrådgiver Anders Kirkhus ved SINTEF Byggforsk.
Førebuingar avgjerande
Kirkhus meiner grundige førebuingar er avgjerande for eit vellykka resultat, og lister opp nokre moment ein bør tenkje gjennom før ein startar byggeprosessen:
- Er det sjølve prosessen, eit imponerande resultat eller knusing og eting som er viktigast? Ei avklaring av forventningar er vesentleg for ein god prosess. Alle involverte må forstå og akseptere målsettinga med byggeprosjektet.
- Er det sett av nok tid og plass til produksjonen? Gode rammer er naudsynt for å unngå sure barn og svidde fingre.
Mangelfull prosjektering
Mange byggeprosjekt blir sett i gang med eit håp om at utfordringane skal bli borte undervegs. Det blir dei sjeldan.
– Det er til dømes for seint å finne ut at måla ikkje passar, etter at kakeelementa er steikt. Det er utfordrande nok å halde forma fra deig til ferdig steikt element, om ein ikkje i tillegg skal endre forma på grunn av mangelfull prosjektering, advarar seniorrådgivaren. Ein vanleg prosjekteringsfeil ved pepperkakehusbygging er å gløyme at element har ei tjukne. Ein må til dømes ta omsyn til tjukna på veggelementa når ein dimensjonerer taket, for ikkje å snakke om pipa.
– Gjennomtenkt prosjektering gjer bake- og byggeprosessen enklare og resultatet betre, uansett om målet er at huset skal vera flott eller smake godt, forklarar Kirkhus.
Les også Vigga si sak frå førre veka, der anvisninga er brukt i prosjektering og bygging av Vigga sitt eige peparkakehus.I anvisninga «Spiselige byggverk – Pepperkakehus» gjev SINTEF Byggforsk råd om god planlegging og utføring.