Christine Keitel heiter den nye tmedarbeidaren/medeigaren til Enger-Myhre. Ho og mannen kom frå Tyskland i 2011, og driv garden Bølund på Lesja.

Interessa for strikking er ikkje ny for Christine, som lærte kunsten allereie som fireåring!

Saman under eitt tak

- Eg hadde nettbutikk for garn i Tyskland, før vi bestemte oss for å flytte hit, seier ho.

Det syner seg også i varehyllene, for Christine har med seg nye garntyper i tillegg til det Mari har hatt frå før, mellom anna økologisk ull.

Dei to startar under same tak med kvar si verksemd, og vil freiste korleis det går. 1001 tråd vil framleis bli navnet på butikken, som opnar så fort dei får ting på plass, fortel dei to førre fredag.

Dei satsar på litt blogging og synlegheit i sosiale medier, og vonar det blir ein måte å få tak i både gamle og nye kundar.

Vareutvalet blir eitt breitt utval av garn i alle fargar og typer, og alt slags tilbehør. Og bøker i den gata vil det også bli.

- Ein litt smalspora bokhandel, ler dei.

Samlar trådane på nett

- Kundegrunnlaget er eigentleg litt lite, det er ikkje lukrativt med ein slik butikk på Dombås, seier Mari.

Men at folk handlar på nett, og så seier at det ikkje fins butikkar på Dombås, tykkjer Mari er veldig dumt.

- Skal ein behalde dei tilboda som fins, må ein handle lokalt! Det er berre å stikke hovudet inn døra på butikkane her, så ser ein at vi har eit stort utval på Dombås, meiner ho.

Og no tek dei to altså tyren ved horna, og freistar seg på nett sjølve.

- Med nettbutikk vil vi kanskje få fleire kundar, seier dei.

På den måten kan ein faktisk handle lokalt, også på nett.