Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) har gjennomført ei undersøking blant dei unge (15 til 29 år) for fjerde år på rad. Hensikta er å avdekkje kva dei unge bekymrar seg for og kva dei tenkjer om arbeid og framtid.

Dei unge gjev uttrykk for aukande grad av bekymring. 7 av 10 innlendingar i undersøkinga er bekymra for auka prisar på lån, mat og straum. 6 av 10 innlendingar er bekymra for auka uro i verda, og litt over halvparten (54 prosent) er bekymra for øydelegging av natur og miljø. 45 prosent er bekyrma for klimaendringar, 48 prosent er bekymra for spreiing av falske nyheiter og misinformasjon og 47 prosent er bekymra for at deira generasjon får det dårlegare enn den førre.

– Det er heilt naturleg at fleire unge er bekymra i desse tider. Bedriftene melder om dårlegare marknadsutsikter og det blir fanga opp. Samstundes er det uro i verda med krig i Europa, liding på Gaza, klimaendringar, høge energiprisar og stor prisstigning elles, seier seniorrådgjevar Linn Alicia Slora Kristiansen i NHO Innlandet.

– Vi løyste Europas energiutfordringar etter Ukraina, vi handterte Hans og vi har lange tradisjonar for å løyse store utfordringar saman. Det skal vi fortsetja med, seier Linn Alicia Siora Kristiansen i NHO Innlandet. Foto: NHO Innlandet

6 av 10 av dei unge i undersøkinga seier at det viktigaste for val av arbeid er at dei kan arbeide med noko som interesserer dei.

Kristiansen meiner at bedriftene er ein viktig del av løysinga.

– Bedriftene sit på ein viktig del av løysinga for å bøte på bekymringane til dei unge. Fleire unge står utanfor arbeidslivet. Bedriftene tek eit ansvar for å hjelpe dei inn ved å skape trygge, gode jobbar. Når det gjeld klimautfordringa har bedriftene eit stort ansvar for å kutte utslepp slik at vi når 2030-måla. Vi løyser dei store utfordringane best saman, og det har vi vist godt gjennom dei siste par åra. Vi løyste Europas energiutfordringar etter Ukraina, vi handterte Hans og vi har lange tradisjonar for å løyse store utfordringar saman. Det skal vi fortsetja med, avsluttar Kristiansen.