Formålet med tilskotsordninga Nasjonale turiststiar er å vareta den gode naturopplevinga, allemannsretten, natur- og kulturkvalitetane og tryggleiken ved nokon av våre mest besøkte naturområde.

– Fleire av stiane i Noreg som har mange besøkjande og stor attraksjonsverdi, har utfordringar med slitasje på stien, søppelhandtering, sanitærforhold, tryggleik eller behov for informasjonstiltak. I år går 8,8 millionar til å løyse desse utfordringane, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I Innlandet er det to turmål som får støtte; Besseggen i Vågå og Viewpoint Snøhetta på Dovrefjell. Dei får 60 000 kroner i støtte kvar.

– I behandling av søknadene har vi lagt vekt på at tiltaka skal bidra til å ta vare på den gode naturopplevinga, tryggleik og natur- og kulturminne på turmål med sterk attraksjonskraft og svært høge besøkstal. Enkelte prosjekt har fått midlar for å kunne sluttføre arbeid som er påbyrja tidlegare, seier Hambro.