Skiskytterarrangementet i helga vart gjennomført i strålande sol og med flotte forhold.

Laurdag var det sprint. I klassa gutter 12 år gjekk Olav Dalum eit flott løp. I denne aldersgruppa vert ikkje løparane rangert. Likedan i klassa 11 år, der Jesper Selsjord deltok. Med god fart i sporet og berre 2 bom på standplass hadde han havna på pallen om det hadde vore eit rangert renn.

Jamnt i toppen

I klassa gutter 13 år stilte 30 løparar til start, og Simen Hårstad frå Rennebu vann klart med 1,39 minutt margin til nestemann. Mellom dei neste løperane var det jamnt. Jørgen Dalum gjekk inn til femteplass, berre 15 sekund frå andreplassen.

Pallplasseringar

I klassa jenter 13 år, kunne nok ein gong Juni Arnekleiv og Veronica Berget Doseth innkassere kvar si medalje. Det vart sølv til Juni og bronse til Veronica.

Jenter 15 år gjekk Maja Arnekleiv inn til 7. plass.

På fellesstarten søndag gjekk Olav Dalum eit nytt fint løp. Jørgen Dalum gjekk inn til 11. plass og Maja Arnekleiv endte på ein sjetteplass i sine.

Det vart ei ny sølvmedalje til Juni, medan Veronica kom inn til ein femteplass.