Politiaksjonen for å få tak i to personar etterlyst for fleire lovrot i eit anna politidistrikt er no avslutta.

Tidlegare i ettermiddag leitte politiet etter to unge menn frå Telemark. Dei to etterlyste skal ha vore på rømmen sidan 15. mars. Dei var då involvert i ei skyteepisode, der det vart skote mot ein taxi, fortel politiets operasjonssentral.

Politiet hadde ute fleire væpna patruljer, etter å ha fått melding om at dei to etterlyste kunne vera i området omkring Dombås. Politiet hadde oppsyn med området heilt til fylkesgrensene mot Hedmark, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.

Politiet melder på Twitter i nitten tretti-tida at dei to etterlyste er pågripne i Kjøremgrende i  Lesja.