Eit lite, raudt leikarhus er no å finne ved Lesjaskog barnehage. Huset er kjøpt inn av pengane barnehagen fekk etter Ida Bøe si gravferd. Det er årets førskulejenter som har hatt ansvaret for huset. Saman har dei sett i katalogar og bestemt kva slags utstyr som skulle bli kjøpt inn til huset, og dei har vaska og sett alt i stand.

- Vi sette opp ei ønskeliste, fortel Ea Juditta, Live, Andrea og Hedda.

No er både brødristar, mjølkeflasker og fruktfat på plass, saman med nye møbler og dokker.

- Dei har også vore med på å sy gardiner, seier Torbjørg Bakken i Lesjaskog barnehage, som har innreia huset saman med dei.

Jentene har vaska og sett i stand huset, og har laga ordensreglar for korleis huset skal brukast.

- Det er ikkje lov å ha grus og sand inn hit, og det er ikkje lov med andre leiker enn dei som høyrer til her, seier dei bestemt.

Og før dei andre ungane i barnehagen skulle få koma på besøk, hadde dei driftige førskulejentene innviingsfest med kakao i det nye leikarhuset.

Foto: Lokalavisa Vigga