Ordførar Bengt Fasteraune er slett ikkje nøgd med at Jernbaneverket i sin rapport om stasjonsstruktur på Dovrebanen vinkar med flagget for Dovre stasjon.
I utgreiinga frå Jernbaneverket heiter det seg at trafikkgrunnlaget ved Dovre stasjon er så lågt at ein bør vurdera å leggje ned stasjonen.
Framtida
- Slik eg ser det er det toget som i framtida skal knyte oss til Trondheim, Oslo og vestlandet, med auka tilgang til jobbmarknad mellom anna, seier ordføraren.
Han tykkjer omsynet til tenester for folk skal koma fyrst, og peikar på alle dei viktige institusjonane og verksemdene på Dovre.
- Det er ikkje fyrste gong den type vurderingar er gjort, men er det tenester til folk eller kalde, kyniske reknestykke som skal vera utslagsgjevande, undrar han.
Toget er svært viktig for Dovre, meiner Fasteraune.
- Må brukast
- Og Dovre er spesielt, i Dovre krins er det ikkje fråflytting. Mange tunge aktørar har verksemda si her, det er hyttesatsing i Bergsgrenda, kursverksemd og vidaregåande skule, kommuneadministrasjon og mykje meir. Vi treng toget, det er viktig for dovresamfunnet, men då må også folk bruke det, understrekar han.
Han meiner Dovre treng ein togstasjon også for framtida, og er sjølv ein ivrig togbrukar.
- Eg brukar toget mykje, og køyrer stort sett ikkje til Oslo lengre. Då er det morgontoget som gjeld, seier han.