Også hending i Kvam

Parallellt med Dovre-avsporinga, lagar dei også rapport etter ei godstogavsporing på Kvam, på sommaren i fjor. Felles for båe avsporingane er at dei skjer i etter utbetringar av Dovrebana, i etterkant av flaumen i fjor vår.

- Det var gjort utbetringsarbeid i sporet to veker før avsporinga på Dovre, og det var også gjort arbeid i sporet før hendinga på Kvam. Vi gjer difor også vurderingar av det tekniske regelverket, for å sjå om det er slik det burde vera. Vi har ingen grunn til å tru at regelverket ikkje er halde, seier Bjørnseth.

Last og bremser

- Det er i hovudsak tre faktorar som blir undersøkt etter hendinga på Dovre, fortel havariinspektør Hans Bjørnseth, som er sakshandsamar for rapporten.

Det eine er samansetninga av godstoget, både med omsyn til korleis last er fordelt, fordelinga av tunge og lette vogner, lange og stutte vogner, og korleis desse oppfører seg i fallet som er ned frå Dombås stasjon. Det andre er bremsesystemet, og korleis bremsene er brukt. Den tredje hovudfaktoren er korleis sporet ligg i høve til kurver og korleis det påverkar toget med tilhøvet mellom hjul og skinner.