Desse og nokre til skal lage boka om den gåverike familien. Frå v. Ole Edgar Sveen, Jo Sveen, Oskar Sveen, Torveig Dahl, Sverre Morken, Ola Sveen og Magne Sveen. Foto: Ove Kirkestuen

Boka om Sveen-kunstnarane tek form: – Gåverike og smålåtne

Familien Sveen i samarbeid med Hjerleid, Lesja Historielag og Gudbrandsdalsmusea skal lage ei bok om den gåverike og nøkterne familien frå Lora. Sist laurdag var det ein appetittvekkjar på kva som ventar når boka blir lansert på Hjerleid 12. juni neste år.