Oda fortel at ho har kjøpt det av ein fjern slektning utabygds, og er glad for at det nå har kome heimatt til Dovre. Skapet er måla med Lesjamåling.

På Hjerleid er elevane på målerlija inne i to veker med rosemålingsøvingar, der dei blant anna lærer seg Lesjamåling.

– Gjestelærar i rosemåling, Inger Haugan fra Byneset, har studert boka som Odd Reidar Hole med flere har gjeve ut om denne målingstradisjonen fra Lesja. Ho ringte han for at han skulle fortelje elevane om denne heilt spesielle måletradisjonen frå Lesja, fortel innsendar og rektor på Hjerleid, Helle Hundevadt.

Odd Reidar Hole saman med gjestelærar Inger Haugan. Foto: Helle Hundevadt

Truleg ei Jnestadskap

Dei møtte opp framfor det store skapet til Oda, og Odd Reidar, som er i 80-åra, kunne formidle til unge nybyrjarar i målerfaget korleis ein kan kjenne att Lesjamåling frå rosemåling i andre distrikt i Norge:

– Få fargar, slanke stengler, typiske blomer som tulipan og ein slags nellik. Mykje raudt pigment, som kanskje kan ha vore eit biprodukt frå jernverksverkssemda på Lesjaverk.

– Det kan sjå ut som eit Jenstadskap, seier Odd Reidar.

Hans Gunnarson Jenstad (1768 – 1853) gjorde alt sjølv. Både snekring, skjering, måling, og han smidde hengslene til slutt også.

Lesjamåling på tur attende?

I inngangspartiet på Toftemo står det eit anna skap måla i Lesjatradisjonen. Det går alle forbi på veg inn i kafeen.

Det er heilt typisk for denne perioda, og Odd Reidar trur det kan vera måla av ein av dei tidlegaste rosemålarane i Lesja, Syver Syversen Øverli (1739 – 1820).

– Rosemåling av interiør hadde sin glansperiode i Lesja frå om lag år 1750 og i vel hundre år, fortel Odd Reidar.

– Mlålarane reiste òg rundt og måla på Møre, i Romsdal og i Trøndelag, så i dei områda ser vi framleis kor populær Lesjatradisjonen var.

– Nå er det over 150 år sidan Lesjamåling hadde sin stordomstid, så nå er det på tide at noen unge oppdagar denne enkle og dekorative rosemalingen igjen, meiner elevar og lærarar på Hjerleid.

Dei takkar Odd Reidar Hole for at han ville møte dei, og for den store innsatsen han har gjort for å ta vare på denne tradisjonen for ettertida.

Lesjamåling på skap i inngangen på Toftemo. Foto: Helle Hundevadt