Med sterk trafikk på båe kantar på E6 på Dovrefjell var ikke dette tryggaste plassen å setja seg til.

Haukugle

– Eg kom køyrande og så såg ein liten myrk flekk frami veigen. Eg bremsa ned, og da eg kom innåt såg eg med ein gong at det var ein haukugleunge, fortel Jordhøy.

Han stoppa bilen og sette på varselblinken der ho sat, like nord for Fokstugu.

– Eg hadde med eit badehandkle i bilen som eg tok og tulla rundt ungen så den ikkje skulle bli heilt forskremt. Og da knepte ho littegrann med nebbet, slik dei gjer når dei er litt bekymra og redde, seier han.

Han tok ungen med seg uti bjørkeskogen og sette den forsiktig ned.

– Og da flaug den med ein gong over veigen, og sette seg langt inni skogen på andre sida. Den såg ut til å vere heilt i orden, men eg tenkte etterpå at det ikkje var langt frå ei kraftledning. Eg lurte på om haukugla kanskje hadde kollidert med den, vorte litt tommelomsk og hamna nedi veigen, seier Jordhøy.

Heldig landing

Han sit at med ei god kjensle etter å ha berga ungen som like godt kunne ha vorte påkøyrd.

– Det såg frykteleg nifst ut da eg såg ho satt der. Og det var nå ei lykke at det var ei rettstrekke, for ellers så kunne det vorte vanskeleg å redda ho. Eg såg med ein gong at det var ei haukugle, dei siste åra har eg vore vant med å sjå den arten over Dovrefjell. Eg har sett haukugle der fleire gonger. Det er ikkje nokon uvanleg art å sjå i det området.

Mykje rovfugl og ugler

Han trur det er bra med ugler i år, og har sjølv hekkande perleugle i ein holk på Lesja.

– Eg veit og at ein kompis som ikkje bur langt unna har perleugle i ei av kassene sine. Det verkar som det er riktig bra med smågnagarar og ein skikkeleg oppgang for rovfugl. Eg har vore innpå Dalsida no og sett fleire tårnfalkar, som er ein smågnagerspesialist, seier han.

Fuglekspert

Jordhøy er utdanna innan feltet, men seier at det meste av kunnskapen er erfaring han har fått ved å vera særleg interessert i fugl.

– Den teoretiske utdanninga er ein liten del. Det er den store interessa som gjer at ein bygger opp kunnskap heile livet. Eg kan vel kalle meg ein feltbiolog, seier han.

– Det var dagens gode gjerning dette da, spør vi.

– Ja, det føltes slik der og da. Det kjentes godt rundt hjerta, avsluttar han med eit smil.

Per Jordhøy har god greie på fuglar. Foto: Privat foto