ARVE DANIELSEN / HANS ERIK KJOSBAKKEN

– Eg hadde forventa at Listhaug hadde møtt landbruksnæringa når ho er i Ottadalen. For å lære og høyre om landbruket i bygder som våre, om utfordringar og moglegheiter og om dei store tapa av beitedyr vi nå har grunna feila forvaltning av rovdyr, seier Rolv Kristen Øygard, ordførar i Skjåk til Fjuken.

Øygard er skuffa over at når Listhaug skulle besøke Ottadalen, fekk korkje ordføraren eller næringa treffe statsråden.

– Det er tydeleg at ho ikkje er interessert i å møte næringa. Det tykkjer eg er rart. Statsrådar frå tidlegare regjeringar har sett det som viktig å møte folk som driv i landbruket, seier Øygard.

Han finn det særs merkeleg, i tider med mykje styr med jerv og sau, at ho ikkje har prioritert slike møte.

Øygard er sikker på at både Morten Schakenda og Arne Brimi, som står på Listhaugs besøksliste, vil tale varmt om landbruket - men seier vidare at det er eit sterkt signal at ho vel å ikkje møte næringa og faglag.

– Eg skal møte næringa i Oppland neste veke og da blir sau og rovdyr tema, sa statsråden som ein kommentar til kritikken da ho avslutta sitt besøk i Ottadalen hjå Arne Brimi.

Listhaug sa ho forstod frustrasjonen i næringa over rovdyr.

– Dette er dyretragedier når sau og andre dyr blir rivne ihel. Jerven er ei ekstraordinær utfordring. Her må vi ta eit grep, sa Listhaug.