Treimpregneringsverksemda nyttar koparløysing i produksjonen, og det var omkring 600 liter av denne som kom ut i ledningsnettet i august.

Var fylt av sand

- Vi hadde sikring før også, i form av ei kran, og ein sikkerheitsventil, men båe glapp, og det skal ikkje skje. No har vi ordna eit system som ikkje gjer det mogleg at dette kan skje, der det  ikkje er kontakt i det heile mellom vårt system og vassledningsnettet til kommunen, fortel dagleg leiar i Dombås Treimpregnering, Ivar Michal Ulekleiv.

Grunnen til at sikkerheitsventilen ikkje lukka seg ved tilfellet i august, skal vera at sand frå den kommunale vasstilførselen hadde tetta den.

Erstatningskrav

Forureiningsaka vart meldt til politiet av kommunen, som brot på forureiningslova.

Lensmannskontoret er ferdig med sine undersøkingar, og har klar rapport, slik at saka snart vil bli sendt over til politijuristen. Både driftsleiar Tor Ivar Hovhaugholen i Dovre kommune og etterforskar Jørn Morten Sletta på Lensmannskontoret stadfester at midlertidige løysingar vart sett i gang rett etter hendinga.

Kommuna har også utferda erstatningskrav til verksemda.

Ulekleiv reknar med at det blir ein forsikringssak vedrørande erstatningskravet.

- Kravet kjem på omlag 43 000 kroner, til dekning av direkte ekstrautgifter med overtid, prøvetaking og køyring for kommunen, seier Hovhaugholen.

Driftssjefen i Dovre stadfester at verksemda no har meldt frå om at den permanente løysinga er på plass, og han seier at kommunen skal på synfaring med det fyrste.