Trollstua på Dombås blir no seld til Audhild Viken AS, som har butikkutsal i seks fylke og hovudsete i Jølster.

Nitten butikkar over heile vestlandet, i Oslo, Trøndelag og no på Dombås skal gjera seg nytte av det nye hovudlageret på tusen kvadratmeter i Jølster. Verksemda har to hovudkonsept, eitt mot turistar med souvernir og husflid, og ein kjede som er meir retta mot interiør og design.