Det er vel og bra med nytt kulturhus, men takk for at vi enno har dei mindre scenene utan eigen logo, slik som Sel samfunnshus.

For der fekk vi jammen litt av ein konsert tysdag kveld. Med stjernehimmel og stilfull dekor på scenekanten, var stemninga sett alt før fyrste tone, og med alle dei talentfulle ungane og ungdommane vi fekk sjå og høyre, kunne vi berre gje oss ende over. På Sel både tør og kan dei!

Sjøldyrka

Om ein ser bort frå dei innleigde ottaværane Jørn Dissen og Rune Solhjem, alias Myrgrim og Smergel Botten, som batt programmet saman på sitt beint fram latterlege vis, var alle andre heimehøyrande og sognande til Sel. Ikkje berre unge og framstormande, men dei er med rette i fremste rekke. Aller mest imponerte songen til Mari Midtli og gitarfenomenet Ole Jørund Eggan. Og så har Sel fått ein stor ressurs i sin nye dirigent, Liv Renate Elnes Hovengen, som gjorde både song og dirigerte.  Arrangør Sel musikkforening kan klappe seg sjøl på ryggen, og Otta spel-og dansarlag, som også var ein flott bidragsytar frå scena, kan gle seg til å plukke fram godsakene når dei tek over stafettpinnen neste år.

Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga