Konkurransa i kvaliken laurdag gjekk han vidare som nummer tolv, med ein cab9, bs7, Gap to Fs lip, Fs blunt 270, i ein bakke som er ganske slak.

Det kan bli ei utfordring for Marcus å få opp farten like mykje som dei eldre og litt tyngre løparane . Av dei 29 i kvaliken er det no 16 att, mellom dei er norske Mons Røisland og Gjermund Braaten. Røisland tok 2. plassen og Braaten havna på 7. plass.

Semifinalen og finalen går i morgon, sundag.

Turen til Kina har også gjeve Marcus og dei andre utøvarane moglegheit til å sjå litt av landet, dei fyrste dagane i Kina fekk dei rundreise til stadene der OL 2022 skal bli arrangert.

Ulsletten kjøyrer finale laurdag

Emil Ulsletten er med i Big Air-konkurransa Air & Style i Innsbruck, og kvalifiserte seg fredag. Andre runda startar klokka 16.45 i dag, og etter treia runde er det duka for superfinale klokka 19.30 laurdag kveld.

Saman med Ulsletten er også norske favoritten Ståle Sandbech med vidare, samt Torgeir Bergrem. Kim Rune Hansen kvalifiserte seg ikkje i den tøffe konkurransa med verdselita i snowboard.

Superfinala i Østerrike blir sendt på NRK3 laurdag.