I dag er det kanskje ikkje så mange ungar som har laga slike dyr?
Alt ein treng er en berr flekk i skogen, kongler, pinnar og fantasi.
Ei kongleku med konglekalv av grankongler, ein konglegris av ei furukongle. Eller er det eit kongletroll? Bark og never kan bli fjøs, småsteinar kan bli gjerde. Mjuk, grøn mose blir fin grasbakke for ku og kalv. Gå ut i skogen og sjå kva de finn!