Mange av dei årelange kundane hadde tatt turen for å sjå korleis butikken i ny drakt såg ut, kanskje kunne dei plukke med seg eit og anna tilbodet også. Under den offisielle opninga brukte styreleiar Martin Vorkinn motorsag for å markere den nye starten. Da måtte alle kundar og tilsette gå ut, før dei igjen etter saginga kunne gå inn for å prøve nybutikken. Ein av dei som gjorde ein av dei siste handlane før nyopninga, var Kjell Løftingsbakken.

- En trofast kunde, fortel Kjetil Rognerud bak disken, oppstasa i nye arbeidsklede frå topp til tå.

- Ja, eg vil no seie eg er ein trofast kunde. Her har eg handla i 55 år, alt av driftsmidlar til garden har eg kjøpt her, seier Løftingsbakken, som er innom minst ein gong i veka.

Han er godt nøgd med den nye butikken, og seier den er romsleg og oversiktleg. Fornøgd var også Thor G. Holager.

- Endeleg skjer det noko i Lesja, eg er glad for alle etableringar, seier han.

Viktig for mange

Mange innkjøpslagets betydning for landbruksnæringa, men også andre nyttar godt av bedrifta.

- Det betyr mykje også for entreprenørar og byggefirma, seier Birger Storhaug.

Representantar frå dei forskjellige kjedene innkjøpslaget er knytt opp mot var på plass, det same var ordføraren.

- Gratulerer til alle saman med ny butikk, sa ordførar Tronhus og overrakte ein blomsterbukett. Dagleg leiar, Ola Ulfsby Botteheim, takka kundane for godt tolmod i prosessen fram mot ein ny og meir oversiktleg butikk.

Etterpå var det kake og kaffe, som seg hør og bør på ein åpningsdag.

Også representanter fra den nye kjeden måtte ha bilder av folket i butikken i nye flotte uniformer. Foto: Lokalavisa Vigga
Det er fort gjort å åpne butikk når ein har motorsag. Styreleiar Martin Vorkinn fekk den store æra. Foto: Lokalavisa Vigga