Ho blir ansvarleg for informasjonsarbeidet til dei to nasjonalparkane, og vil ha kontor på Norsk Villreinsenter på Hjerkinn.
Vil få ut informasjon
Dovrefjell og Rondane-Dovre nasjonalparkstyrer ynskjer å styrke informasjonsarbeidet sitt etter at iNasjonalparker vart lagt ned.
Med stadig aukande besøk i verneområda blir god, korrekt og målretta informasjon stadig viktigare for å forvalte områda på ein god måte. Dette er en viktig del av forvaltninga for at verneverdiane ikkje skal forringast og den besøkende får ei god oppleving, står det i stillingsutlysinga.
Kjende program
Rebecca er tilsett i NRK Hordaland der ho har jobba som journalist i avdelinga for dokumentar og underhaldning.
Ho bur i Bergen saman med mannen Erlend Myrstad, den skotske hjortehunden Hulda og katten Edmund.
– Eg har heldt på med litt forskjellig, fortel ho.
Ho har jobba med NRK-produksjonar som «Sommertoget», «Reinflytting – minutt for minutt» og «Gjetarar i Jotunheimen».
Tv-journalisten likar best å kalle seg for programskapar, det tykkjer ho er den mest dekkande beskrivinga. Akkurat no er ho i sluttfasa av ein oppfølgar til Gjetarar i Jotunheimen, der ho tek for seg Vågå tamreinlag gjennom eitt heilt år. Sesong 2 er ferdig produsert i februar, men sendedato er ikkje bestemt enda.
Kompetanse
I 2016 avslutta ho ein mastergrad i kulturminneforvaltning. Det er ein kompetanse ho trur ho kan få bruk for i den nye stillinga si.
– Det er i alle fall nok kulturminner å ta av her, smiler ho.
Rebecca Nedregotten Strand, som opprinneleg kjem frå Ulsteinvik, startar i stillinga på Hjerkinn i mars. Da kjem ho med flyttelasset sitt frå Bergen, og håpar at eit husvære er på plass til da.