Politiet hadde fyrst opplysning om at fire personer var ombord i helikopteret da det datt ned. Operasjonssentralen for Gudbrandsdal politidistrikt opplyser seinare at det var fem personar ombord i helikopteret, mellom anna ein 11 år gamal gut, som skal vera uskadd.Tre av personane har vore behandla av lege på staden, medan ein er under transport til St. Olavs Hospital i Trondheim. Dette  i følgje innsatsleiar Jørn Morten Sletta ved Lesja Dovre lensmannskontor og operatør på operasjonssentralen, politibetjent Hallgeir Haugen.

I følge opplysningane til politiet er piloten lettare skadd.

St. Olavs hospital opplyser no klokka 14.30 at piloten, ein mann på 60 år, har moderate skader, og at tilstanden er stabil.

Helikopteret var eit sivilt farty av typa Eurocopter AS350,  leigd inn på oppdrag av Forsvarsbygg. Helikopteret tilhøyrer firmaet Pegasus Helicopter frå Gardermoen, stadfester kontorsjef Gro Akselsen i selskapet.

Styrten skjedde ved forsvarets tidligare garasjeanlegg, vest for E6 og Dovrebanen på Dovrefjell. Vigga oppdaterer saken.

Ein person er sendt med luftambulansen, og tre er behandla på stedet. Foto: Lokalavisa Vigga
Helikopteret hadde akkurat tatt av frå paden ved Forvarets garasjeanlegg på Hjerkinn, då det skal ha mista motorkrafta og styrta i myra nokre hundre meter nedanfor. Foto: Lokalavisa Vigga