I følge avisa Opp, vart ikkje den togåkjørte funne, men Statens Naturoppsyn fann spor som tyder på at moskusen ikkje vart hardt skadd. Seinare same natt, ved femtida om morgonen, kom det inn melding om at ein annan moskus var påkjørd av ein trailer.

Denne friskmeldte SNO, og jaga attende til kjerneområdet. I følge Opp, har moskus vore jaga attende fire gonger, berre dei to siste vekene.

Det er ikkje uvanleg at moskus vandrar ned i Drivdalen, og tek seg over Driva, på denne tida.