Jordhøy og broren var på veg til Kvita-setra frå naustet ved vatnet, då han såg ein fugl 60-70 meter nedanfor veigen.

– Brått fekk eg auge på ein rypeliknande fugl, sitjande på ein lyngrabbe. Men det er noko særskilt ved utsjånaden, og det kom enda klarare fram når den lettar og flyg vestover. Eg såg at den gjekk ned for landing att like vestafor setergrenda, skildrar Jordhøy.

Jordhøy jobbar til dagleg i Norsk Institutt for Naturforskning (NINA), og har fuglar som eitt av kunnskapsområda sine.

Tok bilete

Som ein ivrig naturfotograf hør og bør, henta han kamera og telelinse frå bilen.

– Eg tok føtene fatt for å sjå nærare på fuglen og om mogleg få eit bilde eller to. Då eg nærma meg staden lettar fuglen att og svingar utover mot Kvitmyrin i roleg flukt. Den verka relativt sky, seier Jordhøy.

Sjølv om autofokusen på kameraet ikkje fungerte optimalt, fekk Jordhøy teke nokre fluktbilete.

– Kan det vera ein krysning mellom orrfugl og lirype, tenkte eg i den første augenblinken, seier Jordhøy.

Dvergtrappe frå Sør-Europa

Etter å ha undersøkt bileta på kvelden, ser Jordhøy at fuglen er på størrelse med ein orrfugl, med særeigne svarte og kvite teikningar på vengen. Elles er kroppen ljos brunaktig på oversida og ljos gråkvit på undersida.

– På internett via mobiltelefonen min sjekka eg ut arten dvergtrappe, som eg ante kunne vere eit aktuelt val. Til mi store undring stemte dette utruleg godt med det ferske fluktbildet eg hadde, seier Jordhøy.

Dvergtrappe er ein art som tilhøyrer trappefamilien, under ordnen tranefuglar, og har utbredelse i Sør-Europa, Nordvest-Afrika og Sørvest-Asia, men er ein trua art.

I følge Store Norske Leksikon er den påvist tre gonger i Noreg per 2001; Gudbrandsdalen 1880 og 1900 og Varanger 1906.

– Stemninga steig brått inne i det gamle seterselet og hendinga blir tvert delt med dei andre tilstadesverande under stor åtgaum. Vi undra på om det er den varme sommaren som har lokka fuglen frå Middelhavsområda til nordlege strok, seier Jordhøy.

Fyrste observasjon på 100 år

Jordhøy fekk bekrefta observasjonen hjå kollega og entusiastisk fuglekjennar Jan Ove Gjershaug på NINA-kontoret i Trondheim.

– Han bekrefta med ein gong at det er ein hofugl av dvergtrappe. Det gjorde også Kjetil Solbakken, leiar i Norsk ornitologisk foreining, når han såg bileta. Men det fyrste han sa når eg ringte, var «tullar du?», fortel Jordhøy.

Observasjonen på Dalsida på Lesja er altså fyrste observasjonen på over 100 år.

– Sjølv om det var eit framifrå garnfiske på Gautsjøen i Lesjafjellet, spørst det likevel om det ikkje blir observasjonen av dvergtrappen som får førsteplassen i minnet denne gongen, avsluttar Jordhøy.

Spesiell observasjon

Leiar i NOF, Kjetil Solbakken fortel at slike observasjonar av sjeldne fuglar hender frå tid til anna, men det er sjeldan det går så lang tid mellom kvar gong den blir observert.

– Det var svært uventa og det er ein ekstra spesiell observasjon. Det er slik som kan skje, fuglar flyg jo lange avstandar og kan havne på feil kurs. Dei sjeldne fuglane blir som regel observert langs kysten, det er sjelden dei blir sett i innlandet, slik som denne, seier Solbakken.

Og dokumentasjonen kan også vere ei utfordring, men det var det ikkje i Jordhøys tilfelle.

Per Jordhøy fekk fanga den sjeldne gjesten på Dalsida i flukt. (Alle foto: Per Jordhøy) Foto: Lokalavisa Vigga
Det var vanskeleg å fange den sky dvergtrappa på biletet. Per Jordhøy fekk fanga den sjeldne gjesten på Dalsida i flukt. (Alle foto: Per Jordhøy) Foto: Lokalavisa Vigga