Dovre kommune har fått berre negative svar frå grunneigarar, når det gjeld snøskuterløyper. Dei sendte ut førespurnad til fem store grunneigarar i kommunen, og alle som har gjeve attendemelding innan fristen 15. mai, har sagt nei.

Ein av dei er Laurits Fokstugu.

Han meiner ein allereie er godt forspent med skuterkøyring, slik praksis med nyttekøyring, utrykning og varekøyring er i dag.

Allment behov

- Rekreasjonskøyring strir imot mine grunnprinsipp om kva måte ein kan bruke naturen vår på. Folk eg møter ønskjer ro og fred, ikkje å ha hovudet inni ein hjelm og med motordur. Eg høyrer eg aldri nokon som ønskjer noko anna enn stille og ro - det er eit allment behov, som fjellområda våre passar ypparleg til, seier han.

Statsskog har, saman med fjellstyret, også sagt nei, likeeins Joramo bygdeallmenning.

Statskog konkluderer med at dei i utgangspunktet ønskjer å fremja det enkle friluftslivet, samstundes som det meste av deira eigedommar i Dovre er verna eller foreslått verna.

- Dei korridorane som kunne ha vore aktuelle er avsett til tur/sykkelveg, stier og

skiløyper, og ei skuterløype vil etter vår oppfatning ikkje vera foreinleg med dette, skriv Statskog.

To grunneigarar har ikkje gjeve svar innan fristen den 15. mai.

Leikeareal

Berit Fiksdal er sakshandsamar for Dovre kommune i saka. Ho ser at det blir umogleg å få til dei lange turløypene i Dovre etter avslaget frå dei tre, men at det kan bli mogleg å få til eit mindre areal til leikekøyring.

- Dersom alle seier nei, vil prøveprosjektet stoppe før det tek til, seier ho.

Og det meiner ho er greit. Ein vil då sleppe å legge ned arbeid på planlegging og gjennomføring, av ei løype som ikkje kjem til å bli gjennomførbar.

- Det ligg mange avgrensingar i forskrifta også, seier Fiksdal.

Alle verna eller foreslått verna område er utelukka, det same gjeld skredutsette eller bratt terreng, slik forskrifta regulerer.

Ikkje etterspurt i reiselivet

- Frå våre reiselivsbedrifer har det ikkje vore noko merksemd omkring dette temaet, seier dagleg leiar i Nasjonalparkriket reiseliv, Eldrid Rudland.

Ho fortel at dei jamt har møte i ulike fora og samanhengar med verksemdene, der nye satsingsområde blir diskutert, men at skuterturisme aldri har vore diskutert der.

Det kan ha samanheng med at bedriftene sjølve ikkje har opplevd etterspurnad etter slike opplevingar hjå sine kundar, meiner ho, i tillegg til at vinteraktiviteter hjå bedriftene stort sett er krinsa omkring langrenn og alpint.

Rudland peikar på at Nasjonalparkriket har fire nasjonalparkar som sine fyrtårn, og at tradisjonen med det enkle friluftslivet og restriksjonar som er lagt gjennom forvaltninga av desse, også kan vera grunnen til at etterspurnad av snøskuterturisme ikkje kjem her.

- Det er jo restriksjonar også på til dømes hundesledekjøring, og våre medlemmar må allereie drive i tråd med desse reguleringane, seier ho.

BAKGRUNN: Dovre kommune gjorde 10. mars vedtak om å bli med på prøveordninga med rekreasjonsløyper for snøskuter. Lesja har også gjort slik vedtak.

Prøveordninga er regulert i ei forskrift, og § 3 i denne slår fast at kommunane ikkje kan etablera snøskuterløype, før private og offentlege grunneigarar har gjeve samtykke til det.