Kva med ei vase med sjørøvermotiv? Eller eit par koppar i retrostil? Glas og koppar av mange slag, engelsk og norsk porselen - og mykje anna for den som vil leite litt.

- Eg har jo denne brukthandelen på ein stad der ingen kunne tru, nesten unnskylder Torhild Jøndal seg når vi svingar inn i garden.

Ho har hatt den vesle brukthandelen kvar sommar i seks år no, i ei nett lita stue heime på Dovre. Eit unnseleg skilt rett etter brua ved Hjerleid fortel om plassen.

Messesalg

Draumen om eigen brukthandel hadde vore der i lang tid, og samlarevnen hadde ho.- Eg får tak i frå mange ulike stader, noko er frå dødsbo, litt frå auksjonar, fortel ho.Kvar sommar gjer ho turen til Skogamessa på Dovreskogen, og til Pundarvangen, dersom det ikkje regnar så atfor mykje.Enno er det litt tidleg i sesongen. Tida og lysten til å leite etter skatter i brukthandelen kjem med sommaren og feriemodus, tykkjer ho å sjå.- Folk er på hyttene, og har god tid. Då likar dei å titte her, seier ho.

- Ting er ikkje viktigI motsetnad til kva ein kunne tru, er ikkje sjølve tinga det ho har mest moro med, sjølv om ho likar å samle.- Det som er mest artig er å høyre alle minna folk knyter til tinga dei finn her. Folk kan gje seg ende over, når dei finn eit fat som det bestemor hadde, fortel ho.Ting har ein eigentleg altfor mykje av, meiner Torhild.Og minna kan vera like sterke, om det ikkje er akkurat same tingen. Som for ho som fann att kakeboksen ho måtte gje frå seg i arveoppgjeret. Minna om mora var like sterke i den boksen ho fann, som var maken ...

Amerikadraum

Stua med brukthandelen i har også ei historie. Knappe ti kvadratmeter, rymde ho alt det han som budde der trong.- Det var onkelen til mannen min, som kom att frå Amerika. Han bygde denne stua, og så hadde han smie rett ved, som han livnærte seg frå, fortel ho.Amerikakofferten og kjøkkenbenken står framleis att - saman med snurrepiperier av alle slag, med godbitar for nokon kvar.Om det ikkje er amerikadraumen, er det i allefall både minne og draumar knytt til mange av sakene i brukthandelen på Dovre.

Torhild Jøndal har kvar sommer brukthandel heime på Dovre. Ei nett lita stue på gardsplassen inneheld skattar for mange. Foto: Lokalavisa Vigga