Dagens rådstruktur er eit kyrkjeleg fellesråd for begge sokna, Lesja og Lesjaskog. Dette er ei forlenga prøveperiode, som vart godkjent av det som no heiter Kulturdepartementet i 2009.

Før prøveperioda var det eitt meiningheitsråd for kvart sokn, og eit fellesråd for kommuna. Det var svært arbeid- og tidkrevande, og krevde mykje administrasjon og møter. Det kyrkjelege fellesrådet i Lesja har mellom anna arbeidsgjevaransvar for dei kyrkjeleg tilsette, ansvar for økonomiske og administrative oppgåver for sokna, utarbeide mål og planar for kyrkjeleg verksemd og ansvar for konfirmantundervisninga.

Vil ha permanent strukturendring

Prøveperioda vart i 2011 forlenga til neste val, som er i 2015. Torunn Skotte Stavheim er kyrkjeverge i Lesja, og omtala i kyrkjebladet tidligare i år at fellesrådet ikkje ynskja å gå tilbake til gammal struktur. No er det tre alternativ, gå attende til gammal struktur, søkje om ei ny forlenga prøveperiode, eller søkje om å gjera dagens ordning permanent.

– Rådet meiner at tida er komen for å søkje om ei permanent strukturendring. I det daglege vil det ikkje ha mykje å seie, for som i dag vil dei som høyrer til i anten Lesjaskog eller Lesja sokn, fortsatt bli døypt, konfirmert og vidare i sine kyrkjer. Den store forskjellen blir at ved kyrkjevalet blir det kun ei kandidatliste, med kandidatar frå heile kommunen, skreiv Skotte Stavheim i kyrkjebladet.

Før ein søknad kan sendast til bispedømmerådet, er det uttalerett på meinighetsmøtet som blir halde i kveld. Lesja kommune, sokneprost og prost, skal også uttale seg.

Det er Hamar Bispedømmeråd som har myndigheit til å endre soknegrensane, eller slå saman sokna.