Her fekk dei tydeleg støtte frå lokalpolitikarane, i to kommunar som ligg godt over landssnittet når det gjeld sysselsetting i landbruket.

Trugar heile dalen

- Bruk alle midlar for å kommunisera samfunnsperspektivet i dette, ba ein engasjert Dovre-ordførar dei frammøtte.

Han er redd for effekten av framlegget til jordbruksavtale frå regjeringa, og fryktar det vil ha dramatiske konsekvensar for lokalsamfunna i heile Nord-Gudbrandsdal og resten av landet.

- Det er ei katastrofe, seier Fasteraune.

Glad for støtte

Elin Johnsson (Ap) frå Lesja heldt også appell, der ho peikte på at ingen kan sjå føre seg konsekvensane av politikken frå regjeringa.

- Arbeiderpartiet jobbar no regionalt og fylkesvis mot sentrale styresmakter, seier Johnsson. (sjå video nedanfor)

Bondelagsleiarane i Lesja og Dovre, Tore Utgaard og Egil Romsås, sette pris på at politikarane lokalt støttar dei i protestane, og Elin Randi Johnsson (Ap)frå Lesja og Bengt Fasteraune (Sp) fekk kvar sin brødpose med såkorn nok til eitt brød.

- Resultatet av regjeringa sin landbrukspolitikk på sikt, kan bli at de må dyrke korn til brødet sjølve, var bodskapen.

Til Stortinget.

Bondelagsleiar i Oppland, Trond Ellingsbø, lit no på Stortingshandsaminga av landbruksavtala. Dei tidlegare regjeringspartia og Krf har vore klåre i signala meiner han, og han meiner det står på Venstre.

- Vi vonar Venstre fell ned på same politikk som dei har fastsett i programmet sitt, snarare enn å la seg presse av Frp, seier Ellingsbø, som var til stades på Dombås onsdag.

Egil Romsås meiner at Krf og Venstre no bestemmer retninga for heile distriktsnorge, gjennom sin posisjon på vippen.

- Det er eit enkelt reknestykkje, at ikkje produksjonen kan auke, dersom alle små blir borte. All jorda er allereie i bruk, så kvar skal auka koma, spør han.

Høgre-Frp-regjeringa har ikkje reint fleirtal i Stortinget, og må hente støtte hjå andre for sine saker.