Det var fullsett sal denne sundagen, då elevane frå Lesja og Dovre kulturskule hadde framsyning.

Aktørane hadde øvd på innslag med både dans, sang og pianospel.

Trass dei ungt alderssnitt var det eit høgt nivå på dei ulike innslaga.

Dansarane hadde tre innslag; ein dans med dei minste, eit med dei litt eldre og ein avslutningsdans av dei eldste jentene.

På pianoet sat det utøvarar frå kulturskulens minste til dei eldste.

Kaisa og Synne sang duett med sangen I know him so well. Båe har vore elevar på kulturskulen i fire år, og Synne fortel at ho har sunge sidan ho var sju år.

Det var også duett ved pianoet, utført av Bjørner og Ragnhild.

Saman gjorde alle utøverane denne dagen til ei super forestilling, og alle fekk utdelt kvar si rose før dei reiste heim.

Etter framsyninga fekk alle utøvarane utdelt kvar si rose. Foto: Lokalavisa Vigga
Amund var ein av dei som hadde øvd mykje på pianoet. Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Nokre av dei litt eldre jentene synte fram ein dans dei hadde laga. Foto: Lokalavisa Vigga
Denne flinke dansegruppa avslutta kvelden. Foto: Lokalavisa Vigga
Elise ved pianoet, flott spelt. Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Songen Big big world, framført av Indra. Foto: Lokalavisa Vigga
Ine i gjennomført antrekk, med paraply. Passande til sangen ho framførde; Crying in the rain. Foto: Lokalavisa Vigga
Julie hadde øvd mykje, og beviste dette ved pianoet. Foto: Lokalavisa Vigga
Kaisa og Synne sang duett med sangen I know him so well. Foto: Lokalavisa Vigga
Kjersti i djup konsentrasjon. Foto: Lokalavisa Vigga
Per Anders spelte piano med høg innleving. Foto: Lokalavisa Vigga
Trond spelte flott piano. Foto: Lokalavisa Vigga
Ragnhild og Bjørner to spelte firhendig på pianoet, og gjorde saman eit fantastisk pianospel. Foto: Lokalavisa Vigga