Direktør for Akademiet, Kjetil Eide, var onsdag denne veka på synfaring ved ungdomsskulen og skiskytterarenaen. Også ein representant for Friskoleforbundet/Abelia, knytt til NHO, med på møtet. Frå Dovre kommune var representantar for administrasjonen og politikarar med.

- Vi ønskjer jo primært Fylkeskommunen som eigar og drivar av den vidaregåande skulen på Dombås, men vi må sjå på ulike driftsmodellar, seier rådmann Halvor Nissen i Dovre.

Humanistisk skule

Akademiet søkjer etter friskulelova, og må difor ha eit anna religiøst eller pedagogisk grunnlag enn den offentlege skulen. I utgreiinga om grunnlaget for elevtalet til Dombås Gymnas, skriv Akademiet: "I Norge er også andelen religiøse mennesker særlig lavt, i forhold til andre nasjonaliteter, både i Europa og i verden for øvrig. Skoleg tror derfor at det vil være stor etterspørsel i markedet etter en skole som er basert på en humanistisk læreplan." Hjå Brønnøysundregistra er Dombås Gymnas registrert under næringskode "videregående opplæring innen allmennfaglige studieretninger".

Skisse vidare

Felles formannskap i Lesja og Dovre vart orientert om privatskuleselskapet sitt besøk på møte torsdag. Der vart det også vedteke ei skisse for prosjektorganisering og eit mandat for det vidare arbeidet med vidaregåande skule. Dette vart presentert av prosjektmedarbeidar Greta Talleraas frå Dovre, som saman med Eldrid S. Botheim frå Lesja, skal drive prosjektet i det daglege. Dei vil etter framlegget som vart vedteke i feles formannskap, rapportere til ei administrativ styringsgruppe med rådmennene, og til ei referansegruppe sett saman av felles formannskap og eventuelt aksjonsgruppa.

Bygget skal romme treårig

Plan- og utviklingssjef i Dovre, Inge Angård, orienterte om prosessen med nybygg for vidaregåande på Dombås. Dovre kommune har i samarbeid med Oppland Fylkeskommune gått grundig igjennom behov for den nye skulen, og det er no gjort val om tilbydar for prosjektleiing, som vil bli offentleggjort 13.juni. Det er i følge han tenkt på ei mogleg framtid med plass til treårig skuleløp.

Angård reknar med at byggestart kan skje seinhaustes/til vinteren, og det er allereie no nokså sikkert at skulestart 2015 vil skje i dei gamle Hjerleidlokala. Fylkeskommunen skal vera innforstått med det.