- Ein må nok til Spania for å finne tilsvarande frimerke, og både den maritime og landlege pilegrimstrafikken er ivareteken, seier Eivind Luthen, som er tilsett ved Pilegrimskontoret i Oslo, og har vore med i arbeidet med å få til frimerka.

Frimerka, eit med valør for post innanlands, eit med europeisk og eitt med verdsvalør har motiv henta frå det gamle pilegrimsmålet i Selje kommune, Selja, og pilegrimsmålet Trondheim. Det tredje er pilegrimsvegen over Dovrefjell. Av dei tre er det stien over Dovrefjell som kjem til å koma lengst ut i verda; dette frimerket har nemleg verdsvalør.

På alle tre frimerka er ein teikna skapnad med i bedre venstre hjørna.

- Den teikna pilegrimen på frimerka har pilegrimens universelle kjenneteikn; vandrestav, lita veske og hatt med oppbrett. Han peikar mot målet, noko som var avgjerande i slikt ærend. Dette er en velkjent og innarbeidet figur som ofte er avbildet langs pilegrimsveiene og i trykksaker, fortel Luthen.

Teikninga er det Øyvind S. Jorfald som har teikna i samarbeid med Pilegrimskontoret. Dei tre frimerka er utgjevne den 13. april.

Foto: Lokalavisa Vigga
Pilegrimsvegen på Dovrefjell er brukt på frimerke. Foto: Lokalavisa Vigga