Nina Anseth Furuheim (32) frå Lesjaverk har takka ja til tilbodet om rektorstillinga ved Lesjaskog skule frå 1.august i år. Stillinga vert ledig etter at Åge Paulsrud går av med AFP-pensjon denne hausten. Furuheim har vore tilsett som lærar ved Lesjaskog skule sidan hausten 2008, og har sjølv vore elev der.

- Eg trur det er ein fordel at eg kjenner skulen godt. Det vert spennande med nye arbeidsoppgåver, seier Furuheim.