– Vi håper dette kan få fleire til å høyre på folkemusikk, og at det blir enklare å orientere seg i folkemusikklandskapet, seier Anbjørg Myhra Bergwitz frå FolkOrg til folkemusikk.no.

Nettsida inneheld ulike spelelister med i all hovudsak norsk folkemusikk. Det skal vera ei levande nettside, der det kjem nye forslag og listar kontinuerleg. Sida har listar frå ulike distrikt, topplister frå utøvarar, festivallister, lister frå ulike år og mykje meir. Enda er det ikkje noko stort innhald frå Gudbrandsdalen, anna enn Astrid Sulheim frå Lom si yndlingsliste. Etter eit kjapt søk på stikkord fra Dovre og Lesja, finn vi fram til ei utgjeving i 2010, Brita Bratland si "Kjempevisa: På Dovrefjell I Norge".

- Målet er at folk finn nokre nye eller gamle favorittar på sida, og at det gjer det enklare for dei som er litt nysgjerrig på musikken å finne fram. Dersom denne sida kan få fleire til å sjekke ut folkemusikk, dra på konsert, festival og kappleik er det storvegs, meiner Myhra Bergwitz.

Spelelistene er sett opp i strømmetenestene Wimp og Spotify, og ein må ha tilgang til desse tenestene for å høyre musikken.

God respons

- Vi tok kontakt med folkemusikkarkiva, festivalane og fleire, og lurte på om dei ville vere med. Responsen var veldig god, og fleire arkiv og festivalar har kasta seg rundt og sett opp lister. Det er utruleg moro, fortel Eivind Kaasin som saman med Myhra Bergwitz og Liv Ulvik har utarbeidd prosjektet.

Slåttify er eit samarbeidsprosjekt mellom den nye nettavisa Folkemusikk.no, som vert lansert i juni, og FolkOrg. Fleire folkemusikkarkiv, festivalar, arrangørar utøvarar deltek med sine spelelister.

SLÅTT: av norrønt sláttr el. slagr, av verbet slá. Eit musikkstykke som særleg blir framført på hardingfele eller vanleg fele. Nemning for musikken til bygdedans (halling, springar, gangar, rull, pols), og gammaldans (vals, reinlender, osv.), dessutan instrumentalstykker som ikkje er tenkt til dans: lyarslått.