Det store korslaget er eit lågterskeltilbod, der vanlege folk blir inviterte med i eit prosjektkor, som skal avsluttast med ei Norddalsfinale den 19. mai. På Dombås hadde eit 40-tals menneske møtt opp, klar for en smule info og mykje synging.

Mykje skrik og mykje (t)ull var det i auditoriet på Dovre ungdomsskule denne kalde januarkvelden. Det vart flira, og ein høyrde tendensar til hoiing og applaus, etter kvart som nye folk viste seg. Over 40 personar møtte opp, klare til å synge i prosjektkoret Team Dovre. Her var det både eks-koristar, framtidige koristar, og andre sangglade folk. Ein lettliva gjeng fylte salen.

Dette blir bra

Martine Haugen (snart 13 år) trur dette vil bli artig. Ho er ikkje redd for å synge, gjerne pop, rock og balladar, og er stadig på scenen med gitaren sin, både med og utan band.

- Men dette blir noko heilt anna; eg har aldri sunge i kor, fortel ho.

Per Anders Håvelsrud (13 år) gler seg òg til å få synge.

- Eg har berre sunge litt på skulen, men dette prosjektet her blir bra! seier han med overbevisning.

Stor stemning

Hilde Kvithyll bur på Hjerkinn i lag med hundane sine, og var innom COOP-en, da Ingeborg og Anethe var på friarføtter.

- Eg høyrde dei song og spelte inne på vinmonopolet og vart heilt rivi med, ler Hilde. Ho har ikkje sunge i kor sidan folkeskulen. - Ja, det er vel sikkert 50 år sidan, seier ho: - Men eg syng no litt i festleg lag. Og her i auditoriet er det allereie stor stemning.

- Ja, her var det mange, både kjente og ukjente, seier dirigent Ingeborg Dalheim.

- No kjenner eg at eg verkeleg gler meg til dette her!

Rivi med

Ingen har spørsmål, alle er klare for å synge. Kulturkonsulent Anethe Kleven har allereie trykt opp songane, og Ingeborg varmar opp gjengen med litt bøy og strekk, hundepesing og hodemassasje, før det går over i pratesynging, rrrr-synging og skalaer. Folk blir rivi med og følger ho heilt opp til den høge F:

- Høgare enn dette skal vi nok ikkje, så no veit eg at de kjem opp på tonen! seier ho fornøgd. Dei fortset med ein smakebit på sangane.

- Dette blir hyggeleg, smiler Ingeborg Dalheim. -Vi skal ha fem øvingar til, og så skal vi vera klare!

Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga