Erik Fenstad Langdalen på Budsjord tykkjer det er ei sjølvfølge å invitere folka frå asylmottaket til pilegrimsgarden.

- Dette er ein møtestad mellom dei som vandrar og dei som bur her, og å invitera dei er ei sjølvfølge etter pilegrimsideen, desse folka er jo verkeleg på veg, seier han.

Undervegs i serveringa av dei 35-40 som kom, uttrykte han glede over å sjå mange kjente fjes, men det var også todelt.

Skulle vore vidare

- Eg er glad for å sjå folk om også var her i fjor, men eg tykkjer samstundes det er trist, for de skulle ha vore komne vidare, de skulle vore ute der og arbeidd eller noko, seier han.

Leyla frå Tadjikistan var her i fjor, i år var ho attende, med ein liten gut på ni månader sidan sist. Ho koste seg med sveler og te, saman med Larissa frå Tsjetjenia.

Langdalen inviterte folk frå asylmottaket for fyrste gong i fjor, og fekk ideen etter å ha prata med Eva Lukow, som har jobb både på Budsjord og på asylmottaket.

Fem liter svelerøre gjekk med måndag, og på kjøkkenet hadde Langdalen hjelp av Karoline Traasdal og Marie Nynäs til svelesteiking og servering.

Etter serveringa var det omsyning på tunet, og alle ungane var nyfikne på kor kyrne var. Heldigvis gjekk ein flokk på jordet nedanfor, så alle fekk i allefall sett kyrne...