Det som skulle vera ei tre månader lang prosjektperiode frå mai til august, har no halde på åtte månader. Det er tida det tok for å finne ut at NAV ikkje har midlar til nye vekstbedrifter, og at garasjeproduksjonen ville bli ulønsam med manuell framstilling, og dessutan uegna som tiltaksplass for menneske med nedsett funksjonsevne eller arbeidsevne, i følge rapporten.

- Kunne gått på tre månader

Målet var, og er, å finne ein organisasjonsmodell, for å ta vare på dei som fell utanom det ordinære arbeidslivet i dei to kommunane, etter at Giax la ned si verksemd, og kommunane kjøpte bygget.

Ei ny vekstbedrift var i stor grad tenkt finansiert gjennom tiltaksplassar.

- Var det litt naivt å tru at NAV skulle bidra slik ein la opp til, Killi; NAV har vel i lengre tid signalisert at tiltaksplassar i ordinær verksemd vil vera prioritert?

- Ja, det var kanskje det. Det var uansett føresetnadene som låg der då vi starta, og hadde det vore grunnlaget, ville det vore greit med oppstart innan tre månader, meiner Martin Killi, som har vore prosjektleiar.

NAV utan midlar

I etterkant av at Lesja og Dovre kjøpte bygget etter Giax i fjor vår, var meininga å få til prøveproduksjon av garasjeelement og oppretting av ei vekstbedrift i tilknytning til denne.

Garasjeproduksjonen, som tok til i mars, synte seg å bli krevjande i høve til pris. I marknaden konkurrer ein med maskinell elementproduksjon både i Norge og utanlands.

Likeeins vart det krevjande å få med NAV på laget når det kom til vekstbedrift.

Planene er førebels lagt vekk, fyrst og fremst fordi NAV ikkje har midlar å bidra med i potten for Nord-Gudbrandsdal. NAV dreiar dessuten delar av attføringsverksemda mot arbeid i ordinære verksemder.

Det blir heller ikkje ny avtale med Nygaard Byggsystemer, som tok imot garasjeelementa frå prøveproduksjonen. Arbeidet vart gjort så rasjonelt som mogleg med manuell produksjon, men for å greie konkurranse, ville ein få store investeringar til maskiner, og likevel ei stor utfordring med konkurranse frå utanlandsk produksjon.

Tilråding i mars

Den endelege konklusjonen til gruppa, med ei tilråding til kommunane, kjem ikkje før i mars.

Prosjektgruppa har bestått av prosjektleiar Martin Killi, Hans Bjørner Talleraas frå Dovre kommune og Håvard Gangsås frå Lesja og Frode Damstuen frå regionkontoret. I tillegg har Roger Elsrud, som er prosjekttilsett i garasjeproduksjonen, delteke i gruppa.

Mandatet til gruppa var i utgangspunktet å utgreie tilhøve som forretningsplan med budsjett, organisasjonsmodellar og tilhøvet til NAV sine ordningar. Prøveprosjektet skulle ha ei økonomisk ramme på 100 000 kroner. Rekneskap er ikkje klart, i følge Inge Angård, som har det administrative ansvaret for verksemda til Lesja og Dovre vekst.

Startar bruktbutikk?

- Utgangspunktet vi hadde er det ikkje noko att av, seier leiar for prosjektgruppa, Martin Killi.

No jobbar dei med å kartlegge behovet og moglegheitene innanfor kommunal verksemd.

Hovudlina ein no følgjer er å ta opp att produksjon ein tidlegare har hatt ved Giax, med vedproduksjon og oppussing av møbler og overflatebehandling. Også plenklypping, snørydding og slike ting utegruppa på Giax før gjorde.

I tillegg har ein store tankar om å få til ein bruktbutikk i samarbeid med miljøstasjonen, og lokalar er allereie vurdert.

Her er ein oppteken av å finne flest mogleg arbeidsoppgåver. Det vil hjelpe folka ein er tenkt å bistå ut i meiningsfull verksemd, der dei kan få tilpassa opplegg.

- Det vil vera enklare å finne oppgåver tilpassa den enkelte, vi er opptekne av at det skal vera eit breitt tilbod av aktiviteter, seier Håvard Gangsås.

Dovre kommune har no også ei femti prosent prosjektstilling, som er med på kartlegging av behov og førebuing. Også Miljøarbeidertenesta, som truleg blir paraplyen over tenesta, er involvert.

- Drivkrafta no er å få tl noko betre for dei det gjeld. Målet er å få prosjektet sjølvberande økonomisk og med aktivitetstilbod, seier Gangsås.

Killi dreg litt på det med sjølvberande økonomisk.

- Øknomien kjem nok til å vera akillesen, seier han.

FAKTA

Då Giax var på plass, var det knytt omkring 30 tiltaksplassar til verksemda.

Også kommunane si arbeidstreningsgruppe var knytt til verksemda, med sju plassar.

I tillegg hadde Dovre og Lesja tre plassar kvar, for varig tilrettelagt arbeid (VTA).

Lesja har framleis sine VTA-plassar, i ordinær verksemd i kommunen.

Arbeidspraksis i skjerma verksemd (AP) og arbeid med bistand (AB) utgjorde det meste av plassane ellers, både innanfor Giax, og ut i ordinære verksemder via rettleiarar.

Frå juni i år skal desse plassane ut på anbod, og NAV er ikkje primært ute etter plasser i tiltaksbedrifter.