TIl tross for at årets Pillarguri, Hege Schøyen, glimra med sitt fråvær, var det ein begivenheitsrik kulturkveld.

Forrige helg var det duka for dei årlege Pillaurguridågå i Sel. Fredagskvelden var det kulturkveld med utdeling av Pillarguriprisen til årets prisvinner, Hege Schøyen. Prisen deles ut til «ei kvinne som i kraft av sitt mot og virke er eit forbilete for oss andre».

Schøyen sjuk

Kveldens innslag besto av mange dyktige artistar, med Ole Johnny Bekkemellom som konfransier. Det var derimot ordførar i Sel og medlem i Pillargurikomiteen, Dag Erik Pryhn som fekk den kjeie oppgåva med å erklære at Schøyen ikkje kunne komme grunna sjukdom. Ho hadde mista stemma etter ein tur til Bergen, og med eit show som snart har premiere, fekk ho beskjed av lege med å ta det med ro. Som avløysar for Schøyen hadde produsenten henna tatt turen frå Oslo for å motta prisen på Schøyen si vegne.  Schøyen hadde skrive ei takketale som produsenten las opp for ho.

-   Eg er nok ikkje så tøff som det den ekte Pillarguri var. Eg er veldig takknemlig for prisen, og veldig lei meg for at eg ikkje kunne komme, sa Schøyen i brevet sitt.