Frå same dato overtok kommunen ansvaret for oppvarming og straumforbruk i bygget. Dette kjem til å bli ein kostnad for kommunen fram til eventuelle nye leigetakarar er på plass, eller bygget blir seld.

Unngår frostskader

- Det var ei oppgåve vi såg eigennytte i å ta på oss, fordi det fort kan bli store skader på bygget om noko frys, seier stadfortredar for rådmannen, økonomisjef Jon Arve Tøndevoldshagen, som fortel at Dovre også har fått til ei avtale med bubestyrar om tilsyn på bygget.

Kostnadane for oppvarming av industrihallen har ein ikkje heilt oversikt på, men eit grovt anslag på 700 kroner døgnet var oppe.

- Det er eit anslag frå no i februar, der det var relativt mildt. Vi får betre oversikt på dette etter kvart, seier Tøndevoldshagen.

Kommunen står også framføre eit inntektsbortfall i husleige på omlag 100 000 per månad, og har også løpande avdrag på lån til industrihallen.

Reagerer på namneendring

Dovre formannskap hadde konkursen oppe som orienterings og drøftingssak torsdag, og det var uttrykt sterke reaksjonar på mellom anna namneskiftet rett før konkursmeldinga.

- Når ein ser på heile saka her, kor mykje det har vore tilrettelagt for bedrifta frå kommunen... Det er heilt usmakleg. Det vitnar om forretningsmoral og etikk som er heilt usmakleg, seier Børge Wilhelmsen (uavh).

- Ja, eg tok nok ikkje munnen for full på vegne av Dovre kommune då eg sa i møte med Nrk at vi mislikte dette sterkt, seier ordførar Bengt Fasteraune (Sp).

Vil ha orientering

Formannskapet uttrykte ønskje om å bli orientert om prosessen vidare med omsyn til industrihallen. For Dovre kommune står det no att ein forretningsmessig bit i forvaltninga av hallen vidare. Om hallen skal bli utleigd eller seld, tok Formannskapet ikkje stilling til.

I følge ordførar Bengt Fasteraune har visse interessentar teke kontakt med kommunen via "stråmenn", med førespurnader om bygget. Det skal dreie seg om eigedomsselskap.

Formannskapet gjekk ikkje inn i debatten om utleige eller sal av bygget, men i diskusjonen vart det understreka av fleire, mellom anna Gunvor Gauteplass (Sp), at ein no må ha litt is i magen, og tenkje langsiktig.

- Vi må framsnakke hallen - og ikkje gje uttrykk for at dette er eit objekt vi på raskast mogleg måte vil kvitte oss med, seier Fasteraune.

Førebels ventar ein på at bustyret skal melde frå om dei leverer bygget attende til Dovre. Etter reglane kan eit bustyre tre inn i leigeavtalen på same vilkår som verksemda som har gått konkurs. Det kan til dømes skje dersom eit bustyre ser  moglegheit til å sikre seg inntekter til buet, ved å framleige til nokon.

I følge Tøndevoldshagen, er ikkje det sannsynleg i dette tilfellet. Bustyret har fire veker på seg frå konkursdato til å eventuelt gå inn i eksisterande leigeavtale.