Det er på Dovrefjell myta om Kong Nor har sitt stadfeste, etter norrøne soger nedteikna sist på 1300-talet. Torsdag kom framsyninga til Hjerkinn Fjellstue, i låven på garden.

- Det må vera den finaste scena vi har spela på, seier Unni Boksasp, som spelar Goe i framsyninga.

Heile landet

Ensemblet har vore heile landet rundt, frå Farsund til Målselv, med framsyninga som vart til i eit samarbeid mellom folkemusikkinstitusjonar, i samband med Grunnlovsjubileet. Gjennom musikk, song og dans knyter dei folkekunsten til mytene.

Stemninga var det ikkje noko å seie på, med solstrimer som spela mellom gliper i kledninga på låven, og ei atmosfære av ein levande gard.

Ikkje så mange publikummarar som ein kanskje kunne vente, men dei som kom sette tydeleg pris på både framføringa og historia.

Ordførar Bengt Fasteraune var der, og var begeistra over ei bra framsyning.

- Det gler meg å tenkje på at denne framsyninga har vore land og strand rundt, med ei så tydeleg historie om Dovre, seier han.

Les meir om framsyninga i Vigga 11. september.

Bakgrunn:

Mytene som framsyninga byggjer på, er skildra i Flatøyboka, ei samling av norrøne forteljingar, nedteikna på 1390-tallet. Verket vart til etter Svartedauden, då det var teikn i tida på at Norge var trua som nasjon.

Den islandske storbonden Jon Håkonarsson sponsa boka, med ønskje om å vidareføre rikets historie til opplæring av det unge norske kongsemnet Olav 4. Håkonsson.

Verket kan sjåast som ei lærdoms- og etikkgåve, til den komande norske kongen.

Kjelde: www.flateyarbok.no