Dette er ein auke frå budsjettet for 2022 på 1,7 milliardar kroner eller 2,1 prosent.

I forslag til statsbudsjettet som vart lagt fram torsdag foreslår regjeringa å løyve 6,1 milliardar kroner til Nye Veier i 2023.

Det skal kome utbygging av E136 mellom Dombås og Vestnes til nytte.

Vegstrekninga på om lag 150 kilometer frå Dombås sentrum til den møter E39 på Vestnes har dårleg standard med krappe svingar fleire stader, mange kryss og avkøyrslar.

I tillegg er det identifisert 11 skredpunkt på strekninga, og utfordringar med framkomst på vinterstid på grunn av kraftig stigning fleire stader.

Planarbeid knytt til å identifisere problem og planlegge for punktvis utbetring på strekninga er i gang, og det planlegges å sette i gang tiltak i 2023.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Samferdselsdepartementet

– Vi står i ein ekstraordinær situasjon no. Det er krig og energikrise i Europa, og prisane på det meste går opp. Det viktigaste for regjeringa i dette statsbudsjettet har vore å setje tryggleik og rettferdig fordeling først. Desse verdiane har òg vore styrande for samferdselsbudsjettet. Pengebruken må ta omsyn til tida vi står i. Vi har prioritert å byggje ferdig det vi har starta opp og å ta vare på den infrastrukturen vi allereie har, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.