Å koma til Ottahallen tysdag denne veka var litt av ei oppleving. Allereie ute møtte vi uvante farkostar, inne venta eit yrande liv.

Der sverma 155 lærarar, assistentar og elevar rundt på elleve ulike postar, med ulike aktiviteter. Både høgt til værs med trampoline eller klatring, eller på golvnivå med boccia eller el-innebandy.

Fullt hus

Idrettskoordinator for Nord-Gudbrandsdalen og arrangør, Stian Høglien, er kjempenøgd med deltakinga på arrangementet, som er kalla en annerledes skoledag. Han var redd det ikkje skulle bli nok påmeldte, men måtte i staden ta inn fem ekstra etter maksgrensa var passert.

- Åtte skular frå Lesja til Øyer er med, det tykkjer eg er kjempeflott, seier han.

Saman med Idrettsfaglig rådgiver Heidi Bråten i Idrettens Kompetansesenter Innlandet (IKI) og fagkonsulent Hilde Håkenstad frå Norges Idrettsforbund i Hedmark og Oppland har han sydd saman opplegget som har som mål å presentere idrettar og aktiviteter som passar alle, uansett funksjonsnedsetjingar.

Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga