For niande år på rad byr revygjengen frå Lesja på lattervekkande aktivitetar frå scena.

Ikkje ein stol var tom under premiera laurdag, ryktene går om at heile fem personar fekk plass på vedkassa. Neste veke er det forestillingar både torsdag, fredag og laurdag. Sjølv om ein av sketsjane spelar på utselde billettar og trege lesjingar, er det muleg å få billettar. Også i år er scenegleda stor. Nokre gamle travarar travar på niande året, andre er ferskingar i vaksenrevyen og nokre gjer comeback. Ei bra blanding.

Lokale heltar

Damefesten,som var i Lesja vest på haustparten i fjor, har skapt interesse også lenger sør i Lesja. Spesielt blant dei som gjerne skulle vore på ein slik fest, hvis vi skal tru det revygjengen frå UL Verdandi melder frå scena. Og kva er vel ein revy i Lesja i desse tider om ein ikkje skal ta opp den komande 17.mai feiringa på Hjerkinn? Det kan bli spennande å sjå korleis det ender til slutt. Den nye Bunnpris-sjefen på Bjorli innfører også eit nytt regime for dei ansatte. Mange lokale heltar dukkar opp på scena. Alle parodiar med gode poeng, men dei stoppar fint ved streken. Parodien av ein lokal bonde med familie trimma lattermusklane ekstra godt. Om ein skal setje fingeren på noko, kan teksta i nokre av sangane bli vanskeleg å oppfatte.

Kavalkade

Store hendingar i 2013 vert godt oppsummert i revyen, med aktuelle og gode poeng. Dette året er det 10 personar som har bikka 20 år, og 10 personar under 20 år som er med på revyen. Dette inkludert revybandet JJ and the blues brothers med Martine Haugen, som held ein imponerande høg kvalitet. Ellers får ein bokstaveleg talt sjå nye sider av Magnus Torstad som mange kjenner i rolla som vaktmesteren, og Knut Terje Svelstad imponerer med flott tyggegummibruk i rolla som ordførar Tronhus.

Alle lesjingar dreg nok kjensel på mannen til høgre i bildet. (Bak f.v. Knut Terje Svelstad, Ingrid Svelstad. Framme f.v. Lina Rognerud, Kaisa Heidsve, Synne Vorkinn og Espen Tynnøl) Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Ny sjef - nye utfordringar. Lesjarevyen slår til igjen. (F.v. Hanne Mette Engen, Espen Tynnøl, Magnus Torstad, Cathrine Tveita og Dag Christian Hole) Foto: Lokalavisa Vigga
Nymotens treningstrender kan vera ei utfordring for mange. Magnus Torstad i fri dressur. Foto: Lokalavisa Vigga
Ordførar Tronhus, her spela av Knut Terje Svelstad, er på plass i år også. Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga