Fyryjul på Lesjaverk fekk ut mykje folk, til trass for ganske mange kaldegrader i helga. På dei 11 plassane mellom Tandsetra til Midti-Myre, var det eit jamt renn av folk heile dagen laurdag.

Førjulspauser av det trivelege slaget var det alle stader på Lesjaverk under Fyryjul. Anten føremona var å få tak i alle sju slag til jul, eller å finne ei julegåve utanom det vanlege, var dette rette plassen. Musikk var det også, frå kulturprisvinnar På 2. rad, som gjekk gardmillom heile føremiddagen. Dessutan var det høve til å snekre, pynte peparkakehus og delta på juleverkstad for dei små.

Fjordingen Marly frakta dessutan folk att og fram mellom stasjonen og Solheim, der det var graut og sylte og lefse å få heile dagen. Heile arrangementet var ei oppvising i gjestfridom, slik verkingane har sett den i system, for femte gong i år. Her følgjer ei biletkavalkade frå laurdag.

Følg islyktene med raude ljos, då er du på veg til gode opplevingar på Fyryjul Foto: Lokalavisa Vigga
Ei smultgryte i full fyr, og ein skvett med vatn ... Foto: Lokalavisa Vigga
Slik skal ein ikkje gjera om smultgryta tek fyr, demonstrerer Kåre Lyftingsbakken frå Lesja og Dovre brannvesen Foto: Lokalavisa Vigga
- Eg har baka med smult, men det har ikkje teke fyr. Eg visste vatn var låkt å sløkke med, men ikkje at det var så gale, seier Frode Gjerde frå Ålesund, etter at brannvesenet demonstrerte ved coop laurdag.. Foto: Lokalavisa Vigga
Kåre Lyftingsbakken hadde full merksemd omkring branntryggleik, etter demonstrasjon ved smultgryta Foto: Lokalavisa Vigga
Anne Marie Lien Nørstebø og Frøydis Anseth hadde over seksti hus til sals laurdag; peparkakehus, då , sjølvsagt. - Eg har vel brukt åtte kilo mjøl, meinte Nørstebø. Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Både husa, melisposane og godteskålene fekk fingerferdige ungar og vaksne freiste seg med. Elise Hågå og Eline Kolstad var av dei som pynta hus på Coop-kafeen. Foto: Lokalavisa Vigga
Kongelege på balkongen? Foto: Lokalavisa Vigga
Fride-Gunn Rudi frå Ringebu hadde stand på Midti-Myre, der ullfellane hennar kunne varme dei handlande på meir permanent basis. Ingunn Lønstad fann den perfekte ull-fellen. - Det er tredje året eg er med på Fyryjul, fortel Rudi, som melder om bra handel. Foto: Lokalavisa Vigga
Elias Motterud Vadet, mamma Marianne Motterud og tante Guro Motterud er med Ragnhild Anseth og fjordingen Marly på tur. Foto: Lokalavisa Vigga
Herborg Raanaa Akerløkken og Edvard Akerløkken opna heimen sin Solhaugen for utstilling under Fyryjul. - Vi mista oversynet på kor mange som har vore innom allereie fyrste halvtimen, meinte Edvard. Foto: Lokalavisa Vigga
Egil Morken, Håvard Henningstad, Per Nordsletten, Audny Bakken og Hallvard Doseth frå På 2. rad kom innom Solhaugen med to leikar. Turneen gjekk gardmillom. Foto: Lokalavisa Vigga
Kunst frå fleire Rånå-handverkarar var utstilde hjå Herborg Raanaa Akerløkken og Edvard Akerløkken på Solhaugen. Før om åra har mange av dei same vore utstilt på stasjonen. Biletet syner tre stykkje av Asbjørn Rånå. Foto: Lokalavisa Vigga
Hardingfela har eit spesielt forseggjort hovud. Foto: Lokalavisa Vigga
Sveinung Raanaa trakterer hardingfela som onkelen Erling Nerigard laga på Hjerleid i si tid. Foto: Lokalavisa Vigga
Ingunn Morken syr lammerull, og er van med den tradisjonen frå Nordvestlandet. Foto: Lokalavisa Vigga
- Det er einast dette eg har att av baksten, seier Ester Thorsplass, og lurer på om ho skal gøyme att siste boksane med goro til seg sjølv ... Foto: Lokalavisa Vigga
Ljos i julepynta syltetøyglas Foto: Lokalavisa Vigga
Stemningsfullt salslokale i Knipstugu laurdag. Foto: Lokalavisa Vigga
Marit Kolstad dyppa ljos for salg. Foto: Lokalavisa Vigga
Kirsti Kolstad hadde jobben med skrivabrød-produksjonen i Knipstugu laurdag. Åkosten blir her lagt på fyrste sida før ein tur under grillen i steikeomnen. Godsakene vart vekkseld nesten før dei var ferdige. Foto: Lokalavisa Vigga
Klara Brandlistuen hadde laga dette fine pyntehandkleet på Dagsenteret. Fleire flotte saker var til sals på Tandsetra. Foto: Lokalavisa Vigga
På tandsetra var det så høg stemning at til og med dansegolvet vart teke i bruk. Frå venstre Ingunn Paulsrud Bakken, Kai Martin Giljarhus, Klara Brandlistuen og Harald Brenden Foto: Lokalavisa Vigga