Sissel Elvestad Øwre (35) er frå Dovre,  og  har sjølv vore elev ved skulen, for ein del år sidan. No flytter ho frå Trondheim med tre barn og mannen Tore Lyftingsmo Øwre.

- Eg har gifta meg med ein odelsgut frå Lesja, så det blir der vi skal bu, med to ungar som byrjar i skulen, og ein i barnehagen, fortel ho.

Realfagslæraren er adjunkt ved ein ungdomsskule i Trondheim no, og ser fram til nye oppgåver og nye kolleger på Dovre skule.

- Eg gler meg, seier ho.