Tysdag var Minera Norge AS nok ein gong på sakskartet til formannskapet i Sel. Dei bed om opsjon på ei kommunal tomt i industriområdet i Øya i påvente av betre tider.

Den tradisjonstunge verksemda med anlegg både i Sel og Dovre slit framleis hardt etter finanskrisa som råka hardt denne tida for to år sidan.

Rekneskapstala syner at Minera sidan toppåret 2008 har stupt galne vegen med driftsresultata, og i fjor var dei nede med nesten 60 prosent, sidan toppåret då dei hadde eit resultat på over 13 millionar kroner.

Konsernsjef Arnstein Sæteren ser heller ikkje betring i resultata så langt i år, men har von om at fleire førespurnader og anbodsrunder dei har inne skal gje eit lyft siste halvår.

Han fortel også at interne prosessar i Minera arbeider hardt med salg- og marknadsføring. Og planene er klare for meir rasjonell drift ved eitt anlegg for foredling av skifer frå Dovre, Sel og Oppdal hvis berre skuta kjem på rett kjøl.

Om det anlegget kjem til å ligge på Otta eller Dovre vil heilt sikkert bli ei heit potet lokalt, men i sum er største vinsten for regionen om Minera i det heile greier å få att dei økonomiske musklane til ei slik investering.