På Dombås har eigarane kring Sentralplassen inngått avtale med driftsselskapet Amfi Drift AS om drift og forvaltning av eigedomane Coop-bygget, Frichgården, DombåsSenter og Hovelsrudkiosken (Torvkroa).

LOT Eiendom AS er eigd 50 prosent av Olav Thon-selskapet Amfi Eiendom AS og 50 prosent av LL Kjøpesenter AS. Amfi Drift er eit selskap i Olav Thon-gruppen. Forretningsmannen Olav Thon er frå før engasjert i regionen på Otta gjennom kjøpesenterkjeda Amfi.

Eitt senter

Frå fyrste april skal eigedommane bli marknadsførde som eitt kjøpesenter. Dei ulike eigarane går inn med slik fordeling: Coop Innlandet (25 prosent), Aleksander Frich og Øyvind Frich (25 prosent) og LOT Eiendom AS (50 prosent). Senteret har 29 bedrifter fordelt på omlag 9000 kvm handelsareal. Totalomsetning for 2011 var omlag 200 millionar kroner brutto.

- Det vil ikkje ha noko praktisk konsekvens for dei handlande, butikkane i senteret eller dei tilsette der. Vi ønskjer på sikt å oppnå samvirkeeffektar og andre fordelar ved at senteret blir del av ei kjede av kjøpesenter, seier Lars Løseth, som er dagleg leiar i Amfi Drift AS.

Coop Innlandet sin eigedomssjef Egil Nysæther meiner dette vil vera positivt for Dombås.

- Vi har tru på at dette vil gje Dombås som handelsstad eit lyft og styrke staden som knutepunkt for dei vegfarande. Coop innlandet er saman med dagleg leiar i Frich AS, Øyvind Frich, dei lokale på eigarsida.