Amungård oppfatta at det ikkje var nokon på vakt i området.

- Det må vera ein svikt frå operasjonssentralen, for det var vakt på Otta som dekkjer heile området, meiner lensmann i Lesja og Dovre, Anders Torvik, som fyrst fekk melding om innbrotet på føremiddagen laurdag.

Han meiner likevel at det ikkje nødvendigvis hadde gjort så mykje frå eller til, med så lang avstand.

Store vaktdistrikt

- Det hadde kanskje ikkje vore hjelp i å sende vakta frå Otta, og det er langt i frå godt nok, men slik blir det når det er så store vaktdistrikt og stramme budsjett. Det er store avstandar og lang utrykningstid. Vi må berre godta det, sjølv om det er vanskeleg, seier Torvik.

- Men står det ikkje ofte om tid når folk ringer politiet?

- Det gjer jo det. Men på den andre sida bur vi i eit land med både fjordar og fjell, og det ville vore kostbart å ha mannskap på kvar stad, seier han.

Misoppfatning

Leiar av fellesoperativ eining i Gudbrandsdal Politidistrikt, Ingvar Stenumgård, er viljug til å innrømme nokre feilvurderingar då meldinga frå Amundgård kom natt til laurdag.

På førespurnad har han gått igjennom lydlogg og hatt samtale med operasjonsleiaren som var på vakt.

- Med den informasjonen vi sit med no i ettertid, både når det gjeld stadfestinga av og omfanget av tjuveriet, samt ein gjennomgang av lydloggen og samtale med operasjonsleiaren, ser vi at det burde vore beordra ut mannskap. Med tanke på å freiste å pågripe gjerningspersonar og beslagleggje tjuvgods meiner eg no at vi burde gjort ei anna vurdering, seier han.

Likevel har han forståing for at så ikkje skjedde, mellom anna på grunn av dårleg samband.

- Når vi høyrer på lydloggen no, med fullt volum og justert så godt det går, er det framleis vanskeleg å høyre kva som blir sagt. Operasjonsleiar spør opp att mange gonger, men sjølv no er det sekvensar eg ikkje kan høyre, seier han.

Hovudgrunnen til at operasjonsleiar valde å ikkje sende ut mannskap skal vera at han oppfatta at bilen hadde forsvunne ei tid før Amundgård ringte til politiet, slik at sannsynlegheita for å pågripe nokon ville vera lita.

Vakt eller reserveteneste

Spørsmålet om vakt eller ikkje området er ikkje eit tema i samtalen, i følge Stenumgård.

- Meldaren (Amundgård) spør når han ringer, slik folk ofte gjer, kven som har vakt på Dombås. Han får då til svar at dei ikkje har vakt, men reserveteneste, seier Stenumgård.

Marius Amundgård på si side oppfatta at det ikkje er nokon i beredskap i området.

- Eg tykkjer det er heilt på trynet at dei ikkje har folk på vakt, seier Amundgård, som vil ringe ein lokal tenestemann direkte neste gong.

- Det er heilt misforstått , sjølvsagt har vi ein grunnberedskap som består av aktiv teneste og reserveteneste, fordelt på ein slik måte at vi dekkjer heile distriktet. Men eg forstår at det har vorte ei misforståing av dette, det høyrer eg på lydloggen. Operasjonsleiaren forklarer at det ikkje er nokon på vakt, men reserveteneste, som vil seie at folk er i beredskap heime. Det var plenty på vakt, men dei vart altså ikkje sendt ut, seier Stenumgård til slutt.