For fjerde gong vart Bendit-cupen arrangert på Otta laurdag.

 70 lag, og omkring 700 ivrige fotballspelare mellom sju og 12 år deltok på cupen. Det var strålande vêr på kunstgrasbana på Otta, og ypperleg for fotballcup.

Cupen er arrangert av Otta Idrettslag, og sponsa av Bendit. Banane som var delt opp var difor navngjevne etter frukt, som banan, eple, drue, ananas og vannmelon.

Laga kom frå Harpefoss i sør, til Lesjaskog i nord, samt Vågå. Alle var vinnare i cupen, og fekkk flotte premiar etter dei hadde spelt. Frå Otta Il fekk dei medaljar, og Bendit sponsa med ryggsekkar, singletar og nykkelringar.